få tips, råd og gode tilbod i

Nyheitsbrev

Ny nettside, og ei lita feiring saman med deg

Etter mange kaffikoppar og mykje planlegging er nettsida mi endeleg
klar! For å feire, vil eg gi noko tilbake til dykk som har følgt meg på vegen.


Meld deg på nyheitsbrevet og få:
– 15 % avslag på Ein Dag i Livet-fotografering (gjeld t.o.m. 31. oktober)
– Moglegheit til å vinne ein 1-timars mini-fotografering. ein liten smakebit på
dokumentarisk foto. Ekte augneblikk. Varige minner.
Frå meg til deg



Om du ønskjer å lese meir om meg, kva eg tilbyr og korleis eg jobbar, må du gjerne besøke nettsida via linkane under.

Få små glimt av det som betyr mest.


Gjennom nyheitsbrevet deler eg små historier, tips og tankar frå arbeidet mitt som dokumentarisk fotograf, alt frå korleis du kan bevare kvardagsminne til korleis du får ei stressfri fotografering. Det handlar om dei ekte augneblikka, kjenslene og minna som varer.

Som abonnent får du òg tilgang til gode tilbod og nyheiter før alle andre, små overraskingar, bak-kulissane-innblikk og inspirasjon frå dei mange vakre historiene eg får lov å dokumentere.
Ein roleg pust i innboksen; ekte, ærleg og fullt av hjarte.

Kvifor dokumentarisk foto

For meg handlar fotografering ikkje om poseringar eller perfeksjon, men om å bevare det ekte. Eg vil fange det som skjer mellom linjene: latteren ved kjøkkenbordet, handa som strekk seg etter ei anna, roen etter ein lang dag.
Desse augneblikka er livet slik det faktisk er, og dei fortener å bli tatt vare på; ikkje berre for i dag, men for generasjonane som kjem etter oss.

5
Nydeleg brudepar, avslappa fotografering før sola går ned.

Ingrid & Robin, bryllaup i Olden

“Ho fekk oss til å slappe av og nyte augeblikka mellom oss som brudepar slik at bileta blei 100% naturlege og ekte.”