Dokumentarisk fotograf frå Vestlandet med bilete som rører
Vann gull i landskonkurransen, landets største konkurranser for fotografar.
I 2020 fekk eg gull i Landskonkurransen med eit sterkt bilete av min eigen familie, teke kort tid før pappa døydde. Her deler eg historia bak biletet, kva det betyr for meg, og korleis det påverkar måten eg jobbar på som dokumentarisk fotograf i dag.

Les meir: om fotografen
Ein konkurranse som heng høgt
Kvart år arrangerer Norges Fotografforbund Landskonkurransen for profesjonelle fotografar, der juryen vurderer hundrevis av bilete i ulike kategoriar. Dette er den mest prestisjefylte konkurransen for fotografar i Noreg, og ein plass mange av oss ser på som eit høgdepunkt i året.
Eg har deltatt fleire gongar, og det er alltid like nervepirrande å sende inn bileta mine. Kva ser juryen etter? Kva slags uttrykk fell i smak? Og ikkje minst: Korleis står mi eiga fotografering seg i møtet med alt det andre som blir levert inn?
Å finne min eigen stil
For meg har vegen dit eg er i dag ikkje vore heilt rett fram. Eg har hatt periodar med det eg nesten kan kalle ei identitetskrise, påverka av alle dei visuelle inntrykka vi møter kvar dag på sosiale medium. Men sakte har eg funne tilbake til det som verkeleg er meg: å bevare augneblikka og fortelje historier gjennom bileta mine.
Eg jobbar i eit spenn mellom portrett og dokumentarisk familiefotografering. Det er dei ekte augneblikka, ikkje dei oppstilte, som betyr mest for meg. Eg ønskjer å skape bilete som vekkjer kjensler, minner og glede, og som kan leve vidare i fleire generasjonar.
Gullet som rørte meg djupt
I 2020 oppnådde eg mitt sterkaste resultat til no: gull i Landskonkurransen. Biletet som blei premiert, var av far min og bror min, teke kort tid før pappa døydde. For meg er dette ikkje berre eit bilete, men eit minne som er både rått, nært og uendeleg verdifullt.
At juryen såg verdien i dette biletet, og gav det høg score på kriteriet impact, var utruleg rørande. Endå meir spesielt var det å få representere Noreg i kategorien Reportasje i World Photographic Cup 2021.
For framtida
Sjølv om prisar og utmerkingar betyr mykje, er det endå viktigare for meg å bruke denne erfaringa til å utvikle stilen min vidare, slik at alle dei fantastiske kundane mine kan få bilete som betyr noko. Bilete som ikkje berre viser korleis de såg ut, men korleis livet føltest.
Leitar du etter ein dokumentarisk fotograf i Bergen eller på Vestlandet?
Eg tilbyr fotografering som fangar både dei nære og dei rå augneblinka, og gir deg minner for livet.


Her deler eg små glimt frå kvardagen som fotograf, råd til deg som vurderer å booke, og eksempel på korleis ei fotografering faktisk kan vere – både med familiar og brudepar.
Eg jobbar for deg som ønskjer ekte bilete av det som faktisk skjer, der kjenslene får spele hovudrolla. Eg dokumenterer små og store augeblikk – det nære, det levde, det vakre uperfekte.
Her finn du inspirasjon, tryggleik og innblikk i korleis eg fangar historia di, slik ho er: utan manus, men full av kjensler.


Synne & Jarle, bryllup i Luster
“Alle ville vite kven fotografen vår var, når dei fekk sjå bileta. Vi anbefalar Gøril til alle vi kjenner som skal gifte seg.”


