Dokumentarisk familiefotografering på Vestlandet
Topp ti tips til «Ein dag i livet» fotografering
Familiefotograf Gøril Sætre sine tips til kva ein kan finne på under Ein Dag i Livet fotografering.
Når familiar vurderer konseptet Ein dag i livet-fotografering, er det mange som lurer: «Blir ikkje dagen altfor lang? Og kva i alle dagar skal vi finne på?» Sanninga er at ein vanleg dag er full av små augeblikk, og det er nettopp dei som gjer bileta så ekte og verdifulle.
Som dokumentarisk familiefotograf i Bergen og på Vestlandet er eg med dykk frå morgon til kveld. Eg fangar dei små augeblikka, leiken, latteren og kvardagen slik han faktisk er. For å gi deg litt inspirasjon, har eg samla ti aktivitetar som fungerer spesielt godt når vi skal lage minnerike bilete saman.
Les meir: Dokumentarisk familiefotograf Bergen

Her kjem 10 morosame ting ein kan gjere under ei slik fotografering for å få nydelege naturelege bilete.
1) Grilling i fjøra eller på fjellet Ein tur ned til sjøen eller opp på fjellet er kjekt for både store og små, og toppe det med bål og kanskje til og med pinnebrød gjer det jo endå betre! Utan mat og drikke duger helten ikkje!
2) Oppdagingstur i skogen Ungar har ei heilt fantastisk eventyrlyst, og kanskje vi vaksne skulle funne fram vår eventyrlyst også. Ta med gjengen inn i skogen så kan vi drøyme oss inn i vårt eige eventyr med tusser og troll om vi vil, eller kanskje vi jaktar på sjørøvarar og einhjørningar!
3) Tur til stranda Vasse, bade, sandslott, krabbejakt, latter, hyl og iskrem! Kven likar vel ikkje ein tur til stranda ein fin sommarsdag!
4) Eggeløp/ potetløp/ sekkeløp Fine leikar som lokkar fram konkurranseinstinktet på både store og små. Her er det stor fare for både latter og tårer, jubel og gråt, og garantert mange gøy bilete med ekte augneblink.
5) Leike gøym og leite Trur ikkje eg har møtt ein einaste unge som ikkje likar gøym og leite! Eg blir gjerne med på leiken!
6) Bygge hytte inne med masse tepper Barndomsminne-Alarm! Bygge hytte/ slott/borg inne med stolar, tepper og puter, det minner i alle fall meg om barndommen. Alle kan være med og kanskje ein kan feire byggverket med kosestund og kjeks i hytta etterpå, og viss det er fint ute, kan ein jo bygge hytte ute, her står det berre på fantasien.
7) Bakestund på kjøkkenet Små barnehender, mjøl over alt, latter, og smaking av deig. La ungane få være med å bake kaker eller kjeks. Ei naturleg og fin stund for alle, og viss det er nokre besteforeldre som vil være med så er jo det kjempe fint. Kanskje dei kan bli invitert til te-selskap også?
8) Middagsstund, la ungane få være med å lage middag, kanskje dei kan dele opp noko eller røre i gryta? Maten smakar jo endå betre når den er laga med kjærleik!
9) Lesestund Etter ein aktiv dag, kan det være fint å roe ned. Ei lese stund i mor eller fars armkrok er både godt og trykt.
10) Kveldsbad i badekar med masse bobler. Å, dette er så gøy! Vatten og bobler… kva kan gå feil? Badeleiker? dykkarbriller? Elvis-sveis….?
La det være naturleg, avslappa og ekte, de kjem til å elske det!
Ein dag full av minner
Poenget med «Ein dag i livet» er ikkje å fylle tida med aktivitetar, men å vere til stades i dei små augeblikka. Saman skapar vi ei visuell forteljing om familien din, ikkje oppstilte bilete, men ekte minner frå kvardagen.


Her deler eg små glimt frå kvardagen som fotograf, råd til deg som vurderer å booke, og eksempel på korleis ei fotografering faktisk kan vere – både med familiar og brudepar.
Eg jobbar for deg som ønskjer ekte bilete av det som faktisk skjer, der kjenslene får spele hovudrolla. Eg dokumenterer små og store augeblikk – det nære, det levde, det vakre uperfekte.
Her finn du inspirasjon, tryggleik og innblikk i korleis eg fangar historia di, slik ho er: utan manus, men full av kjensler.


Synne & Jarle, bryllup i Luster
“Alle ville vite kven fotografen vår var, når dei fekk sjå bileta. Vi anbefalar Gøril til alle vi kjenner som skal gifte seg.”








