Kva om det regnar på bryllaupsdagen?

Få kule bilete frå bryllaupsdagen når det regnar.

Tips frå ein dokumentarisk bryllaupsfotograf på Vestlandet

Regn treng ikkje øydelegge bryllaupsdagen

Regn treng ikkje øydelegge bryllaupsdagen! Som dokumentarisk bryllaupsfotograf på Vestlandet har eg sett korleis regn kan skape unike augneblink, fulle av kjensler, dramatikk og nærleik. Her får du tips til korleis du kan førebu deg og nyte dagen, uansett vêr.

Mange brudepar drøymer om sol og blå himmel på bryllaupsdagen. Men på Vestlandet veit vi godt at vêret ofte har eigne planar. Som bryllaupsfotograf i Bergen og på Vestlandet har eg erfart at sjølv når regnet kjem, kan det skape heilt unike augneblink, ekte, levande og fulle av kjensler.
I staden for å sjå regnet som ein fiende, kan det bli ein del av historia. Vind i håret, regndropar på kjolen og smil midt i det våte, alt dette gjer bileta meir levande og minneverdige.

Stemningsfulle bryllupsbilder i regnet.

Regn gir levande og ekte bilete

Dokumentarisk bryllaupsfotografering handlar om å fange kjensler og stemningar slik dei faktisk er. Når vinden ruskar og regnet fell, oppstår det ei blanding av dramatikk og romantikk som ikkje kan planleggjast. Desse augneblikka gir historia dykkar særpreg og skapar bilete som blir mykje meir enn berre oppstilte portrett.

finn ut meir: dokumentarisk Bryllaupsfotograf i vestland

Eksempel frå eit regnbryllaup

Eg fekk æra av å følgje Cathrine og Ole Martin på den store dagen deira. Under vigsla skein sola, men straks etterpå opna himmelen seg. I staden for å skjule seg, valde dei å omfamne regnet. Resultatet blei ein serie bilete som verkeleg spegla kjærleiken deira, minner dei aldri vil gløyme, nettopp fordi regnet var med og forma historia.

Slik kan de førebu dykk

  • Snakk med fotografen på førehand om alternative planar.
  • Ver mentalt innstilt på at regnet kan kome, og sjå det som ein del av dagen.
  • Omfamn augeblikket, og hugs at kjærleiken alltid skin sterkare enn vêret.

Ta kontakt for å booke fotograf til dykkar store dag.

Regn er ein del av historia dykkar

Som dokumentarisk bryllaupsfotograf på Vestlandet er målet mitt å skape bilete som varer, anten sola skin eller regnet fell. Når de omfamnar dagen akkurat slik han kjem, får de minner som er ekte, levande og fulle av kjensler.

Vil de ha bilete som fortel historia slik den verkeleg var, uansett vêr?
Ta kontakt, så kan vi saman planleggje korleis eg kan dokumentere bryllaupsdagen dykkar på Vestlandet.

Les også: Planlegge bryllaup i utlandet


5
fotograf bergen familie bryllup dokumentarisk

Her deler eg små glimt frå kvardagen som fotograf, råd til deg som vurderer å booke, og eksempel på korleis ei fotografering faktisk kan vere – både med familiar og brudepar.

Eg jobbar for deg som ønskjer ekte bilete av det som faktisk skjer, der kjenslene får spele hovudrolla. Eg dokumenterer små og store augeblikk – det nære, det levde, det vakre uperfekte.

Her finn du inspirasjon, tryggleik og innblikk i korleis eg fangar historia di, slik ho er: utan manus, men full av kjensler.

3
synne & jarle

Synne & Jarle, bryllup i Luster

“Alle ville vite kven fotografen vår var, når dei fekk sjå bileta. Vi anbefalar Gøril til alle vi kjenner som skal gifte seg.”