Dokumentarisk familiefotografering på Vestlandet

Ei familiefotografering utanom det vanlege

Små barnesteg, latter, snørr og tårer; alt er ein del av livet. Med Ein dag i livet-fotografering får de ein ekte og ærleg dokumentasjon av kvardagen, slik han faktisk er. Dette er ei oppleving der eg som fotograf følgjer dykk alt frå nokre timar til ein heil dag, og fangar dei små og store augneblinka som til saman fortel historia om dykk.

Ta kontakt for å booke Ein Dag i Livet fotografering.

Kva er Ein Dag i Livet fotografering

I 2017 starta eg med dette konseptet, som er velkjent i USA og Europa. Her handlar det ikkje om å planleggje, posere eller kle seg i matchande antrekk. Gløym strokne skjorter og oppstilte smil! Fokus ligg på dei levande augeblinka som oppstår heilt av seg sjølv når familien får vere akkurat som de er. For nokon betyr det leik i stova, baking på kjøkkenet eller turar ut i naturen. For andre er det kvardagskaos med småbarn. Uansett skapar det ei forteljing som er unik for dykk.

Men har vi ikkje nok bilete frå før?

Jo, dei fleste har tusenvis av mobilbilete lagra. Men spørsmålet er: kor ofte er alle med på bileta? Og kor mange av desse bileta fortel historia om dykk som familie slik de verkeleg er akkurat no? Med dokumentarisk familiefotografering får de bilete som viser både foreldre og barn, med kjensler, dynamikk og nærleik. Det handlar ikkje berre om korleis de ser ut, men om korleis det kjenst å vere saman i denne tida av livet.

Ei oppleving for livet

For mange familiar blir «Ein dag i livet» fotografering ei oppleving i seg sjølv. De får ein dag utan stress, der alle kan vere til stades, medan eg tek meg av å dokumentere. Resultatet er ikkje berre bilete, men minner som blir skattar! Ei gåve til både dykk sjølve og dei som kjem etter.

Gleden er den allerførste sykkelturen. Ekte og naturleg familiefotografering.

Album som varer i generasjonar

Det ei fotografering som bygger på historieforteljing. Eit eventyr med dykk i hovudrollane. Som profesjonell fotograf ønskjer eg å gje dykk den aller beste opplevinga både før under og etter fotograferinga. Difor tilbyr eg kvalitetsprodukt som gjer at desse bileta kan nytast i generasjonar, og det beste av alt: De slepp å tenkje på det. Eg set saman vakre, handlaga album eller nydelege bilete til veggen dykkar som gjer at minna lever vidare, ikkje berre på ein skjerm, men som noko de kan bla i, halde i hendene og dele med komande generasjonar. Eit fysisk bilete er meir enn berre eit foto; det er ei familiehistorie som kan gå i arv.

Her kan du lese meir om Ein Dag i Livet fotograferinga.

5
fotograf bergen familie bryllup dokumentarisk

Her deler eg små glimt frå kvardagen som fotograf, råd til deg som vurderer å booke, og eksempel på korleis ei fotografering faktisk kan vere – både med familiar og brudepar.

Eg jobbar for deg som ønskjer ekte bilete av det som faktisk skjer, der kjenslene får spele hovudrolla. Eg dokumenterer små og store augeblikk – det nære, det levde, det vakre uperfekte.

Her finn du inspirasjon, tryggleik og innblikk i korleis eg fangar historia di, slik ho er: utan manus, men full av kjensler.

3
synne & jarle

Synne & Jarle, bryllup i Luster

“Alle ville vite kven fotografen vår var, når dei fekk sjå bileta. Vi anbefalar Gøril til alle vi kjenner som skal gifte seg.”