om fotografen

Eg heiter Gøril
Dokumentarisk fotograf, mamma, kone og minnesamlar.
Eg er her
Eg fotograferer familiar og par som vil ha noko meir enn berre eit fint portrett. Dei som vil kjenne bileta, ikkje berre sjå dei.
Som kjenner at verdien ligg i dei uoppstilte augneblikka, i det levde livet, i det som skjer mellom alt det planlagde.
hjelp til å hugse
Eg veit kor raskt det går
Eg er sjølv mamma til to flotte ungdomar. Og eg veit så godt kor fort tida glid mellom fingrane.
Ein dag står du der og lurer på kvar det blei av små hendene, kaffi på sengekanten, leik og lydar i huset.
Når eg ser tilbake, er det bileta som hjelper meg å hugse.
Dei får fram latteren, rytmen, kaoset eller roa av ei tid som var.



Nikoline, Ein Dag i Livet , Sogndal
“Vi hadde Gøril til ei familiefotografering heime hjå oss! Det vart så bra! Vi er veldig fornøgde med fotograferinga og resultatet! Ho er svært profesjonell, imøtekommende, flink med barna og ikkje minst veldig trivelig!
“
Kvifor eg fotograferer, og for kven
Eg fotograferer for deg som kjenner på det same.
Kanskje du er mamma, og har tusen bilete av ungane, men nesten ingen av deg saman med dei. Kanskje du skal gifte deg, og vil ha bilete som faktisk fortel historia om dykk, ikkje berre bilete av korleis de såg ut.
Eg vil hjelpe deg å ta vare på det som betyr noko.
Å sikre at du også er med i historia, ikkje berre som den som står bak kameraet.
For ein dag er det nettopp bileta som fortel kven vi var, og kor mykje vi betydde for kvarandre.
Mi tilnærming
dokumentarisk fotografering
Eg tilbyr rein dokumentarisk fotografering. Det betyr at eg ikkje kjem med ein plan om korleis ting skal sjå ut, eg kjem for å dokumentere korleis ting er.
Eg gir dykk tid til å senke skuldrene, vere saman og berre leve.
Og eg er der berre som ein ven med kamera, klar for å fange det som skjer. Om det er ein heilt vanleg dag heime, ein ferietur med storfamilien eller bryllaupet dykkar, så handlar det alltid om det same:
Å hugse det som var ekte. Og å gi det vidare.


minner som varer
Klar for å lage noko som varer?
Eg er her for å hjelpe deg å sjå kor vakkert det levde livet faktisk er.
Og gi deg bilete du kan kjenne att deg sjølv i også om 30 år.