Dokumentarisk bryllaupsfotografering i vestland

Kjenslene varer ein dag. Bileta fortel historia for alltid.

Kjenslene. Luktene. Blikket de ga kvarandre før seremonien.

Latteren som brast ut under middagen. Hendene som fann kvarandre i folkemengda.

Det er desse augneblikka eg fangar, ikkje berre korleis bryllaupet såg ut, men korleis det føltest. Som dokumentarisk bryllaupsfotograf på Vestlandet følgjer eg dykk tett gjennom dagen og lar historiene få utfolde seg på eiga hand, medan eg fangar dei med kamera.

Her handlar det ikkje om posering og perfeksjon. Det handlar om å hugse, med hjarta.

sofie & johannes
5
tone & jason

bilete som speglar dykk, ikkje berre dagen

Med dokumentarisk bryllaupsfotografering får de ei visuell forteljing for livet. Bilete som fangar kjenslene, stemninga og alt det uperfekte vakre. Ei historie om kjærleiken, slik den faktisk var.

Bryllaupsdagen handlar om meir enn antrekk, borddekking og perfekte poseringar. Det handlar om dykk. Om blikk, berøring, latter og alt det som ikkje kan planleggast.

Gjennom dokumentarisk bryllaupsfotografering blir desse ekte, uperfekte og vakre augneblikka fanga slik dei skjer. Kjenslene. Stemninga. Alt som gjer dagen til dykkar.

dokumentarisk bryllaupsfotograf i vestland

Mitt namn er Gøril.

Å vere dokumentarisk bryllaupsfotograf er ein viktig del av livet mitt, men den største delen finn eg i kvardagen som kone og mamma til to ungdomar. Det pregar blikket mitt, og gjer meg ekstra oppteken av å fange det ekte, nære og sanne i møtet mellom menneske.

Som dokumentarisk bryllupsfotograf er eg opptatt av å fange det som faktisk skjer. Kjærleiken mellom dykk, dei små blikka, dei ekte kjenslene og dei uventa augneblikka som seier meir enn ord. Alt det som skjer når to menneske vel kvarandre. Utan regi og utan fasade.

Ei dokumentarisk bryllaupsfotografering er fri for stress. Det handlar ikkje om korleis alt ser ut, men korleis det følest. Om å vere til stades, kjenne på augneblikket og vite at det blir teke vare på. Historia dykkar er vakker akkurat som ho er.

fotograf bergen familie bryllup dokumentarisk

Bevar det som betyr mest

med dokumentarisk bryllaupsfotografering i vestland

det nære

sofie & johannes

Ta vare på det som verkeleg betyr noko

Med dokumentarisk bryllaupsfotografering på Vestlandet blir dei ekte kjenslene og dei nære augneblikka tekne vare på, utan oppstilling eller fasade.

kjenslene

kristina & idar

Ei historie å kome tilbake til

De får ei samling bilete som fortel heile historia om bryllaupsdagen dykkar frå dei små detaljane de nesten gløymde, til dei store kjenslene som sit i kroppen lenge etterpå.

vere saman

merethe & odd rune

Tryggleik i det ekte

Med god tid og ei roleg tilnærming får de vere til stades i eiga oppleving. Vi vil sette av tid til nokre bilete av berre dykk om de ønskjer det, men fortsatt med ei meir avslappa og naturleg tilnærming. De kan berre vere saman, så fangar eg det som skjer.

3
frie & kjell rune

Frie & Kjell Rune, bryllup på Voss

“Det første eg vil sei er: WOW! Her fekk me alt me drømte om! Ho fekk oss til å slappe av og nyte augeblikka mellom oss som brudepar slik at bileta blei 100% naturlege og ekte”

opplevinga

når du ser tilbake kan du nesten kjenne kriblinga i magen

Eit album er ikkje berre ei samling sider, det er ei gåve til framtida! 

Det er ingen ting som foreviger minna frå den store dagen dykkar betre enn bilete. Og for å sitte igjen med dei beste minna er det ikkje sikkert det er dei polerte, oppstilte bilete som fangar dette, men alle dei unike små og store augneblinka dagen dykkar inneheld. Med album får de tatt vare på alle desse augneblinka, difor inneheld alle pakkane eit vakkert album skreddarsydd til dykkar historie.Eg trur på det å gje dykk det aller beste, ikkje berre i sjølve fotograferinga, men òg i måten minna blir bevart på. Albumet er laga av kjærleik og kvalitet, slik at historia dykkar kan leve vidare for alltid.

ingrid&robin

bryllaupsprisar og pakkar

Velg dykkar draumepakke

Draumehelg

Den ultimate pakken for dykk som ønskjer å dokumentere heile historia frå roleg førebuing og nervøs glede til fest og moro. Eg er med dykk i to dagar, i opptil 14 timar, og fangar både stemninga og dei små detaljane som gjer dagen dykkar unik.

De får:

  • 14 timar fotografering over to dagar Kjærleiken varer meir enn ein dag, og det gjer bryllaupet òg. Med to dagar fotografering får de ikkje berre bilete frå sjølve dagen, men òg frå møta mellom gjestane, små og store augeblikk og dei stille stundene som rammar inn heile helga. Dette gjer historia komplett, slik at de kan minnast både høgdepunkta og alt det som skjer imellom.
  • 2 x veiledningstimer i forkant
    Det er viktig for meg at de kjenner dykk trygge før bryllaupsdagen. Difor møtest vi to gongar på førehand. Vi blir godt kjent, går gjennom planane og legg til rette for at de kan senke skuldrene og berre vere til stades når dagen kjem. Då kan de nyte helga fullt ut, medan eg tek meg av å dokumentere den slik den er.
  • Handlaga album 25×25 cm, 50 sider
    Det er noko heilt spesielt med å halde minna i hendene. Albumet er ikkje berre ei samling bilete, men ei heilskapleg forteljing om kjærleiken og helga de delte. Handlaga og varig, med plass til både dei store augneblikka og dei små detaljane som gjorde dagen unik. Eit minne for livet.
  • Alle dei beste bileta som høgoppløyste filer
    De får alle dei beste bileta som høgoppløyste filer, klare til å dele med familie og vener, anten det er på skjerm, i takkekort eller gåver. Slik kan de spre gleda og historiene frå bryllaupshelga til alle som tek del i den.
  • Reise i Noreg inkludert.

Pris 89 000,-

Heildag

For dykk som ønskjer å kjenne på roen og vere fullt til stades, utan å måtte tenkje på timar og avbrot. Denne pakken er for par som vil ha dokumentert heile historia: nervane før seremonien, tårer og latter i vigsla, stemninga under middagen, og den første dansen; alt det som gjer dagen til dykkar.

De får:

  • 10 timar fotografering. Med heile dagen dekka, treng de ikkje bekymre dykk for tidspress eller avbrot. Eg er med frå morgon til kveld og fangar alt frå dei stille augeblikka til dei store høgdepunkta. Slik får de ei heilskapleg forteljing, ikkje berre utdrag.
  • 1 veiledningstime i forkant
    Vi møtast i god tid for å planleggje dagen etter dykkar ønskje. Her får de tryggleik i at alt det praktiske er på plass, slik at de kan nyte bryllaupsdagen utan stress. De skal berre vere til stades, resten tek eg meg av.
  • Handlaga album 25×25 cm, 40 sider
    Albumet er ikkje berre ei samling bilete, men ei forteljing. Side for side blir historia om kjærleiken og dagen levande, slik at de kan bla tilbake til stemninga, detaljane og minna om og om igjen, i mange år framover.
  • 500 bilete som høgoppløyste filer
    De får eit stort utval av dei beste bileta, frå små detaljar til store augeblikk. Dette gir dykk ei brei og levande samling av minner som kan delast, skrivast ut eller nyttast slik de ønskjer privat.
  • Reise i Vestland inkludert

Pris 57 000

Halvdag

Ei roleg og nær fotografering for dykk som vil ta vare på dei viktigaste augneblikk utan å dekke heile dagen. Perfekt for små, nære bryllaup der de ønskjer å fange det viktigaste, kjenslene, løfta og det ekte mellom dykk.

De får:

  • 6 timar fotografering. Med seks timar får de ein balansert pakke som gir rom til å fange både seremonien og delar av feiringa etterpå. De får dei viktigaste augneblikka, utan å måtte tenkje på at heile dagen skal dekkast.
  • 1 veiledningstime i forkant
    Vi møtast for å planleggje dagen og snakke gjennom ønskja dykkar. Slik kan de kjenne dykk trygge på at dei viktigaste delane blir foreviga, og at vi saman skapar ei forteljing som speglar dykk og dagen dykkar.
  • Handlaga album 20×20 cm, 20 sider
    Eit mindre album, men med stor verdi. Perfekt for par som ønskjer eit kompakt, men varmt og ekte minne. Albumet inneheld nøye utvalde bilete som saman gjenskaper kjensla frå dagen, slik at de kan bla tilbake og kjenne på stemninga om og om igjen.
  • 250 bilete som høgoppløyste filer
    De får eit galleri på 250 høgoppløyste bilete, handplukka og redigerte for å framheve både kjærleik, glede og nærleik. Det er ei samling som fortel historia om dagen i eit vakkert og samanhengande utval.

Pris 39 000,-

Hvis de treng noko meir er det moglegheit for å legge til:
  • Ekstra timar ved behov
  • Oppgradering av album
  • Fleire sider i albumet
  • Tvillingalbum til foreldre eller familie
  • Laminert bilete med ramme 40×50 / 50×70 cm


For dei små, intime feiringane eller borgerleg vigsel kan de få ekte og nære bilete utan at dagen vert snudd på hovudet. Ta kontakt for pris så kan vi fange litt av magien frå dagen dykkar.

Dokumentarisk bryllaupsfotograf

Kjenslene de vil hugse, og dele vidare

Det handlar ikkje berre om å sjå bra ut, det handlar om å kjenne seg igjen. De ønskjer bilete som fangar korleis dagen faktisk føltes. Det er desse augneblikka som blir verdifulle, både for dykk, og for dei som ein dag vil sjå tilbake og forstå historia dykkar.

begynn dykkar reise mot minner frå bryllaupsdagen

så enkelt er det

fyrste steg

maria & gjermund

Ta kontakt

Ta kontakt, så tek vi oss eit møte på nett, slik at vi kan bli litt kjent, eg kan vise kva eg kan tilby og de kan kjenne på at eg er rette fotografen for dykk

andre steg

sofie & johannes

Vi møtes

Vi har eit fysisk møte ( på nett og gjennomgang dagen før om de bur eit stykke unna)
På dette møte går vi gjennom tidsplanen for bryllaupet dykkar, kva som er viktig for dykk, og kvar vi skal fotografere.

tredje steg

anne sofie & victor

Den store dagen

Den store dagen! Eg er med og foreviger store og små augneblink som fortel dykkar historie. Eg dokumenterer, og de kan nyte.

fjerde steg

amelie & lars

Minner som varer

De får eit nettgalleri som kan delast med dei de er glade i, men høgdepunktet er albumet: ei varig forteljing om dykkar dag, fylt med glede, kjensler og minne som varer.

Dykkar bryllaupsdag. ekte, nær og full av kjensler. dei uventa augneblikka og dei sterke kjenslene.

slik at historia om dagen dykkar blir bevart, akkurat slik den kjentes.

4
ingrid&robin

Ingrid & Robin, bryllup i Olden


“Om du er på jakt etter en dyktig fotograf, look no further altså. Vi hadde den store gleden av å ha Gøril som fotograf i bryllupet vårt, og har ikke angret et sekund! Makan til dreven fotograf har vi aldri vært borti og hun leverte over all forventning.”

tips til den beste opplevinga

…og for å få dei beste minna.

spørsmål og svar

lurer de på noko?

ingrid&robin

Stilen min er hovudsakleg dokumentar, med nokre innslag iscenesette naturlege bilete . Eg er oppteken av å fortelje historia dykkar med bilete og gjer mitt ytterste for å fange dei små og store augneblinka gjennom dagen. Elles er er stilen varm, naturleg og mjuk.

Alle pakkane mine inneheld møte før den store dagen. Mitt mål er at de skal være heilt trygge på meg og at eg veit kva ønskjer de har for dagen.

De skal nyte og eg skal dokumentere og saman skapar vi magi. I tillegg inneheld prisen redigerte filer til privat bruk og nydelege album som gjer at de kan nyte dagen om og om igjen.

Forlovelsesbilete er ikkje inkludert i prisen, men om de ønskjer det kan de kjøpe det utanom. Forlovelsesbilete er både nydeleg, men også fint med tanke på å bli endå betre kjent før den store dagen.

Eg held til yst ved Sognefjorden, omringa av ven, vakker vestlandsnatur, men reiser gjerne vekk for å fange dykkar store dag. Per dags dato har området strekt seg frå Lofoten i nord til Roma i sør, England i vest til Finland i aust. 

Ja, vi har alltid møter før den store dagen! Kjemien er kjempe viktig, og då er det fint å bli litt kjent på førehand. Alt etter kvar de held til i landet, foregår dette på nett eller eit faktisk møte i god tid før bryllaupet. 

Og eg er alltid tilgjengeleg for mine nydelege brudepar. Med over 15 års erfaring har eg både tips og råd på lur.

Filene vert tilgjengeleg innan 8 veker etter fotografering mot at alt er betalt. Filene kjem ferdig redigert i farge eller svart/kvitt og kan brukast privat og på sosiale medier mot kreditering.

Eg gjev ikke frå meg uredigerte filer, då det ligg mykje arbeid og kjærleik til faget bak kvart einaste bilete eg gjev dykk og vidaresal av filer er ikkje lov utan avtale med meg. 

Betalinga er delt opp i 3 like delar. Fyste del vert sendt ut når de booker og signerer avtalen, denne delen er ikke refunderbar om de vel å bryte avtalen. Den andre innbetalinga er kring 14 dager før bryllaupet, medan siste del er kring 14 dager før de får tilgang på filer.

Eg meiner heilt klart at bilete gjer seg aller best i fysisk form.

Som profesjonell fotograf ønskjer eg å tilby ei profesjonell teneste frå start til slutt. Eg tenkjer litt sånn at ein reiser ikkje til ein fin restaurant og får kokken til å kjøpe råvarer for så å måtte stikke på fast-food restaurant for tilbereding. Og det er litt det same med foto.

Eg vil at de skal få den beste kvaiteten frå start til slutt, og det får de med desse nydelege albuma som er skreddarsydd dykkar dag. 

Har du andre spørsmål? Ta kontakt her.

minne fra bryllaupsdagen

Eit minne frå bryllaupsdagen som varer og som vil gi dykk glede, nærleik og påminningar om kjærleiken i åra som kjem.







merethe & odd rune

Dokumentarisk bryllaupsfotografering på Vestlandet

lat oss fortelje dykkar historie

Klar for å forevige historia om dykkar dag?

Dokumentarisk bryllaupsfotografering på Vestlandet fangar det som verkeleg betyr noko, dykkar kjærleik, samhald og alle dei små augneblikka som gjer dagen unik. Ingen posering, ingen fasade, berre ekte bilete av ei dag de aldri vil gløyme.