Eit møte med to framande i Wales, litt mot og ei påminning om kvifor eg elskar dokumentarfotografi.
Årets bilete!
I Laugskonkurransen 2026 til Bergen Fotograflaug vart eg tildelt Laugskruset, prisen for Årets bilete! Det betyr at biletet mitt fekk den høgaste poengsummen av alle bileta i konkurransen, og eg skal ikkje leggje skjul på at eg er skikkeleg stolt!
Å få ei slik anerkjenning frå eit fagmiljø med så mange dyktige fotografar betyr utruleg mykje for meg. Og kanskje er det ekstra stas fordi vinnarbiletet representerer noko av det eg brenn aller mest for som fotograf: Å sjå det spesielle i det heilt kvardagslege, finne dei små historiene og fange dei augeblikka som kanskje elles ville gått oss hus forbi.
Historia bak biletet
Eit tilfeldig møte i Barry i Wales
Biletet vart teke på strandpromenaden i Barry i Wales.Eg var ute med kameraet og gjorde det eg likar aller best, observerte menneske og livet rundt meg. Eg er fascinert av dei små situasjonane som oppstår heilt av seg sjølve. Dei som kanskje går dei fleste hus forbi, men som kan bli til noko heilt anna når ein stoppar opp og verkeleg ser.
Då eg fekk auge på desse to, såg eg med ein gong at her kunne det bli eit artig bilete.
Det var berre eitt lite problem. Eg måtte faktisk gå bort og spørje om eg fekk fotografere dei. Og sjølv om eg har jobba som fotograf i mange år, er akkurat det framleis noko eg synest kan vere ganske skummelt! Ja, tru det eller ei, ein dokumentarisk fotograf kan faktisk vere litt sjenert.
Eg måtte ta mot til meg, men til slutt gjekk eg bort. Dei syntest nok eg var litt rar i starten, men heldigvis fekk eg lov til å fotografere dei. Og det viste seg at dei var kjempekoselege! Det vesle møtet på strandpromenaden enda altså med eit bilete som seinare skulle bli kåra til Årets bilete i Bergen Fotograflaug.
Det hadde eg aldri trudd der og då!
Å sjå det perfekte i det uperfekte
Eg har alltid vore glad i dokumentarfotografi. Det handlar om å vere nysgjerrig. Om å observere, oppdage samanhengar og sjå det som skjer rundt oss med eit ope blikk.
Eg likar det uventa, det finurlege og det som ikkje nødvendigvis er planlagt. For meg treng ikkje eit godt fotografi å vise noko stort eller ekstraordinært. Nokre gongar er det dei heilt vanlege situasjonane som har mest å fortelje.
Å sjå det perfekte i det uperfekte.
Dette er også noko eg tek med meg inn i arbeidet mitt som dokumentarisk familie- og bryllaupsfotograf her på Vestlandet.
Sjølv om eg fotograferer heilt andre situasjonar når eg er saman med familiar eller brudepar, er det den same nysgjerrigheita som driv meg. Eg leitar etter relasjonar, små uttrykk, humor, nærleik og dei augeblikka som fortel noko ekte om menneska framfor kameraet. Ikkje berre korleis livet såg ut, men korleis det faktisk var.
Ein blir aldri ferdig utlært som fotograf
Noko av det eg likar aller best med fotografiet, er at eg aldri blir ferdig med å lære. Eg prøver heile tida å utfordre meg sjølv, både teknisk og kreativt. Å sjå nye moglegheiter, prøve andre perspektiv og våge å gjere ting eg ikkje nødvendigvis er heilt komfortabel med. For sjølv etter mange år som profesjonell fotograf har eg framleis mykje å lære. Og det synest eg eigentleg er ganske fint.
Historia bak dette biletet vart ei påminning om akkurat det. Hadde eg ikkje våga å gå bort til dei to på strandpromenaden, hadde biletet aldri blitt teke. Det er lett å tenkje på alle dei moglegheitene ein går glipp av fordi ein ikkje heilt tør.Denne gongen gjorde eg det, og det er
Å vere ein del av eit inspirerande fotomiljø
Eg har også lyst til å gratulere dei tre utruleg dyktige kollegaene mine som vart premierte i konkurransen. Cecilie Bannow vart kåra til Årets fotograf, medan Pia Rothmann og Ada Miko tok andre- og tredjeplassen.
Det er utruleg inspirerande å vere ein del av Bergen Fotograflaug, der vi kan lære av kvarandre, dele erfaringar og utfordre oss sjølve til å utvikle oss vidare. Eg er både stolt og takksam for å få vere ein del av dette fagmiljøet. Og eg tek med meg denne prisen vidare som ei lita påminning om å halde fram med å vere nysgjerrig. Å sjå litt ekstra. Å våge litt meir. Og å aldri slutte å leite etter dei små historiene som finst rett framfor oss.
For det er nettopp dei historiene eg elskar å fotografere.
Dokumentarisk fotografering og bilete som fortel noko ekte
Som dokumentarisk fotograf i Bergen og på Vestlandet fotograferer eg familiar, bryllaup og andre viktige augeblikk i livet. Eg ønskjer å skape bilete som ikkje berre er fine å sjå på, men som har ei historie og ei meining for menneska som er med i dei, for bilete får større verdi etter kvart som åra går. Det tenkjer eg er viktig å hugse.
Er du nysgjerrig på korleis eg jobbar?
Les meir om dokumentarisk fotografering og ta gjerne kontakt med meg


Her deler eg små glimt frå kvardagen som fotograf, råd til deg som vurderer å booke, og eksempel på korleis ei fotografering faktisk kan vere – både med familiar og brudepar.
Eg jobbar for deg som ønskjer ekte bilete av det som faktisk skjer, der kjenslene får spele hovudrolla. Eg dokumenterer små og store augeblikk – det nære, det levde, det vakre uperfekte.
Her finn du inspirasjon, tryggleik og innblikk i korleis eg fangar historia di, slik ho er: utan manus, men full av kjensler.


Synne & Jarle, bryllup i Luster
“Alle ville vite kven fotografen vår var, når dei fekk sjå bileta. Vi anbefalar Gøril til alle vi kjenner som skal gifte seg.”




