Dokumentarisk bryllaupsfotografering i vestland
Kjenslene varer ein dag. Bileta fortel historia for alltid.
Kjenslene. Luktene. Blikket de ga kvarandre før seremonien.
Latteren som brast ut under middagen. Hendene som fann kvarandre i folkemengda.
Det er desse augneblikka eg fangar, ikkje berre korleis bryllaupet såg ut, men korleis det føltest. Som dokumentarisk bryllaupsfotograf på Vestlandet følgjer eg dykk tett gjennom dagen og lar historiene få utfolde seg på eiga hand, medan eg fangar dei med kamera.
Her handlar det ikkje om posering og perfeksjon. Det handlar om å hugse, med hjarta.



bilete som speglar dykk, ikkje berre dagen
Med dokumentarisk bryllaupsfotografering får de ei visuell forteljing for livet. Bilete som fangar kjenslene, stemninga og alt det uperfekte vakre. Ei historie om kjærleiken, slik den faktisk var.
Bryllaupsdagen handlar om meir enn antrekk, borddekking og perfekte poseringar. Det handlar om dykk. Om blikk, berøring, latter og alt det som ikkje kan planleggast.
Gjennom dokumentarisk bryllaupsfotografering blir desse ekte, uperfekte og vakre augneblikka fanga slik dei skjer. Kjenslene. Stemninga. Alt som gjer dagen til dykkar.
dokumentarisk bryllaupsfotograf i vestland
Mitt namn er Gøril.
Å vere dokumentarisk bryllaupsfotograf er ein viktig del av livet mitt, men den største delen finn eg i kvardagen som kone og mamma til to ungdomar. Det pregar blikket mitt, og gjer meg ekstra oppteken av å fange det ekte, nære og sanne i møtet mellom menneske.
Som dokumentarisk bryllupsfotograf er eg opptatt av å fange det som faktisk skjer. Kjærleiken mellom dykk, dei små blikka, dei ekte kjenslene og dei uventa augneblikka som seier meir enn ord. Alt det som skjer når to menneske vel kvarandre. Utan regi og utan fasade.
Ei dokumentarisk bryllaupsfotografering er fri for stress. Det handlar ikkje om korleis alt ser ut, men korleis det følest. Om å vere til stades, kjenne på augneblikket og vite at det blir teke vare på. Historia dykkar er vakker akkurat som ho er.

Bevar det som betyr mest
med dokumentarisk bryllaupsfotografering i vestland
det nære

Ta vare på det som verkeleg betyr noko
Med dokumentarisk bryllaupsfotografering på Vestlandet blir dei ekte kjenslene og dei nære augneblikka tekne vare på, utan oppstilling eller fasade.
kjenslene

Ei historie å kome tilbake til
De får ei samling bilete som fortel heile historia om bryllaupsdagen dykkar frå dei små detaljane de nesten gløymde, til dei store kjenslene som sit i kroppen lenge etterpå.
vere saman

Tryggleik i det ekte
Med god tid og ei roleg tilnærming får de vere til stades i eiga oppleving. Vi vil sette av tid til nokre bilete av berre dykk om de ønskjer det, men fortsatt med ei meir avslappa og naturleg tilnærming. De kan berre vere saman, så fangar eg det som skjer.


Frie & Kjell Rune, bryllup på Voss
“Det første eg vil sei er: WOW! Her fekk me alt me drømte om! Ho fekk oss til å slappe av og nyte augeblikka mellom oss som brudepar slik at bileta blei 100% naturlege og ekte”
opplevinga
når du ser tilbake kan du nesten kjenne kriblinga i magen
Eit album er ikkje berre ei samling sider, det er ei gåve til framtida!
Det er ingen ting som foreviger minna frå den store dagen dykkar betre enn bilete. Og for å sitte igjen med dei beste minna er det ikkje sikkert det er dei polerte, oppstilte bilete som fangar dette, men alle dei unike små og store augneblinka dagen dykkar inneheld. Med album får de tatt vare på alle desse augneblinka, difor inneheld alle pakkane eit vakkert album skreddarsydd til dykkar historie.Eg trur på det å gje dykk det aller beste, ikkje berre i sjølve fotograferinga, men òg i måten minna blir bevart på. Albumet er laga av kjærleik og kvalitet, slik at historia dykkar kan leve vidare for alltid.

bryllaupsprisar og pakkar
Velg dykkar draumepakke
Heildag
For dykk som ønskjer å kjenne på roen og vere fullt til stades, utan å måtte tenkje på timar og avbrot. Denne pakken er for par som vil ha dokumentert heile historia: nervane før seremonien, tårer og latter i vigsla, stemninga under middagen, og den første dansen; alt det som gjer dagen til dykkar.
De får:
Pris 57 000
Halvdag
Ei roleg og nær fotografering for dykk som vil ta vare på dei viktigaste augneblikk utan å dekke heile dagen. Perfekt for små, nære bryllaup der de ønskjer å fange det viktigaste, kjenslene, løfta og det ekte mellom dykk.
De får:
Pris 39 000,-
Hvis de treng noko meir er det moglegheit for å legge til:
For dei små, intime feiringane eller borgerleg vigsel kan de få ekte og nære bilete utan at dagen vert snudd på hovudet. Ta kontakt for pris så kan vi fange litt av magien frå dagen dykkar.
Dokumentarisk bryllaupsfotograf
Kjenslene de vil hugse, og dele vidare
Det handlar ikkje berre om å sjå bra ut, det handlar om å kjenne seg igjen. De ønskjer bilete som fangar korleis dagen faktisk føltes. Det er desse augneblikka som blir verdifulle, både for dykk, og for dei som ein dag vil sjå tilbake og forstå historia dykkar.
begynn dykkar reise mot minner frå bryllaupsdagen
så enkelt er det
fyrste steg

Ta kontakt
Ta kontakt, så tek vi oss eit møte på nett, slik at vi kan bli litt kjent, eg kan vise kva eg kan tilby og de kan kjenne på at eg er rette fotografen for dykk
andre steg

Vi møtes
Vi har eit fysisk møte ( på nett og gjennomgang dagen før om de bur eit stykke unna)
På dette møte går vi gjennom tidsplanen for bryllaupet dykkar, kva som er viktig for dykk, og kvar vi skal fotografere.
tredje steg

Den store dagen
Den store dagen! Eg er med og foreviger store og små augneblink som fortel dykkar historie. Eg dokumenterer, og de kan nyte.
fjerde steg

Minner som varer
De får eit nettgalleri som kan delast med dei de er glade i, men høgdepunktet er albumet: ei varig forteljing om dykkar dag, fylt med glede, kjensler og minne som varer.
Dykkar bryllaupsdag. ekte, nær og full av kjensler. dei uventa augneblikka og dei sterke kjenslene.
slik at historia om dagen dykkar blir bevart, akkurat slik den kjentes.


Ingrid & Robin, bryllup i Olden
“Om du er på jakt etter en dyktig fotograf, look no further altså. Vi hadde den store gleden av å ha Gøril som fotograf i bryllupet vårt, og har ikke angret et sekund! Makan til dreven fotograf har vi aldri vært borti og hun leverte over all forventning.”
tips til den beste opplevinga
…og for å få dei beste minna.
spørsmål og svar
lurer de på noko?

Har du andre spørsmål? Ta kontakt her.
minne fra bryllaupsdagen
Eit minne frå bryllaupsdagen som varer og som vil gi dykk glede, nærleik og påminningar om kjærleiken i åra som kjem.

Dokumentarisk bryllaupsfotografering på Vestlandet
lat oss fortelje dykkar historie
Klar for å forevige historia om dykkar dag?
Dokumentarisk bryllaupsfotografering på Vestlandet fangar det som verkeleg betyr noko, dykkar kjærleik, samhald og alle dei små augneblikka som gjer dagen unik. Ingen posering, ingen fasade, berre ekte bilete av ei dag de aldri vil gløyme.