Livet er herleg!  Fylt med latter frå små born, håpefulle ungdomar, nyforelska par og kjærleiken frå varme gode besteforeldre.

Livet er herleg! 

Eg er ein kreativ fotograf som elskar å fange livets små og store augneblikk. 

Augneblikk som kan minnast i fleire

generasjonar.

Eg held til yst ved Sognefjorden, men eg elskar å reise, og beveger meg gjerne både land og strand for å fange akkurat dine augneblikk.

Kvardagsgleder & reiselyst

Elles er eg lykkelig gift, og mor til to fantastiske jenter som passar på at kvardagen går i full rulle.

 

Vi likar å reise og oppleve nye ting saman, små som store.

Med ein internasjonal familie, drøymer eg alltid om nye spennande plassar. Kven veit kvar neste tur blir?

Utdanning & utstillingverk

Bachelor (Hans) Photography, England

Svennebrev i Fotograffaget, Noreg

Kings & Queens og Bygdepatrioter, 2017

Ekte Utkant, 2013

Huldreleik, 2011

Gløymde Skattar, 2010

Female Identity, 2008

Publisert arbeid i New York Times,representert av Living Inside.

Mine fantastiske kundar

Eg er lidenskapleg oppteken av kundeservice, og verdset kvar og ein av dei flotte kundane mine, utan dei hadde ikkje mine draumar vore like gode!

Fantastisk flink fotograf!! Vi er strålende fornøyde med bryllupsbildene våre. Gøril er meget dyktig. Hun er smilende, entusiastisk, profesjonell og veldig behagelig å jobbe med. Anbefales på det sterkeste!

Maria

Me var til Gøril med konfirmanten vår. Gøril fann fort kjemien med ungdomen, og fekk han både komfortabel og avslappa foran kamera. Ei bragd! Me er super-fornøgde med bildene! Ei god blanding av klassiske bilder, og litt "kulere" avslappa bilder. Utruleg mange flotte "locations" for utebilder, rett i nærleiken. Utfordringa blei å velge vekk bilder... Gøril har vore positiv, energisk og hjelpsom gjennom heile prosessen. Anbefaler Gøril på det varmeste!

Therese

Gøril, den flinkaste av dei flinke! 
Ikkje berre kan ho da å ta bilder, men utrulig flink med unga, jenta mi vart så trygg på ho og me fekk så fine bilder. Og eit meir smilande og positivt menneske skal ein leite lenge etter, Ein får lyst til å ve med ho heiletida!

Veronica