Dokumentarisk familiefotografering på Vestlandet
NÆRT, KJÆRT, RØFT OG TØFT. FOR DEG SOM ØNSKJER UNIKE BILETE SOM VISER LIVET SOM DET ER.
Livet går fort
Kjenner du på at du gjerne berre skulle ha stoppa tida litt?
Plutseleg er dei små hendene blitt store, kvardagsrutinene har endra seg, og dei små augeblinka som ein trudde ein aldri ville gløyme, begynner å bleikne. Som dokumentarisk familiefotograf på Vestlandet er eg her for å hjelpe dykk med å ta vare på desse stundene og fange nokre av dei for evig tid.
Eg fotograferer familiar slik dei verkeleg er, midt i det levde livet, fullt av latter, kjærleik, kvardagskaos og små magiske sekund.



Familiebileta du ikkje viste du trengde.
Med dokumentarisk familiefotografering får de ikkje oppstilte bilete, men ekte minne.
Eg kjem dit de er. Heime, på hytta, på tur eller midt i kvardagen, og fangar det som gjer dykk til akkurat den familien de er , fordi det er der verdien ligg! I minne skapt saman og som kan nytast av generasjonar.
Dokumentarisk fotograf i Vestland
Mitt namn er Gøril.
Eg er familiefotograf i Sogn, Bergen og elles på Vestlandet, og eg elskar å dokumentere ekte augeblikk i både kvardagsliv og spesielle samanhengar.
Tenkjer du at du ikkje er fotogen, veit ikkje korleis du skal posere, orkar ikkje tanke på å få alle på plass i eit studio, og at ungane sikkert kjem til å gå bananas.
Då er eg kanskje rette fotografen for dykk!
Eg ser det perfekte i det uperfekte!
Ingen kleine poseringar, ei dokumentarisk fotografering gjev deg sjansen til å henge med dei du er glad i og berre være deg sjølve. Det er morosamt, avslappa og naturleg, for det eg ønskjer å gjere for deg er å fange dei fine, naturlege augneblinka mellom deg og dei du er så glad i, relasjonane og dynamikken mellom dykk som gjer familien din så unik.
For det handlar ikkje om å være perfekt! (For det er det faktisk ingenting som er!) Det handlar om å vise kor fantastisk fin familie de er med latter, sprell, leik og tårer, alt det ekte ein kvardag kan gje.

Bevar det som betyr mest
med dokumentarisk familiefotografering i Bergen og vestland
det nære

Stressfri fotografering
Stressfri fotografering som handlar om kven de er, vel så masse som korleis de ser ut.
Være saman

Minner og relasjonar som fortel dykkar historie.
Det handlar ikkje alltid om det perfekte bilete, det handlar om minna knytt til dei og historia ein deler.
Kjenslene

Mi aller største anbefaling er eit nydeleg album
…som ikkje berre vil være ei glede for deg, men også for generasjonar som kjem.


Ein Dag i Livet med Mariel og familien
“Jeg er så glad vi valgte å bli fotografert av Gøril med tema «en dag i livet». Det ble så fine bilder og Gøril fanget noen fine øyeblikk! Ungene elsket å ha Gøril rundt seg. Det var enkelt og minnerikt!”
opplevinga
Dei kulaste og mest unike familiebileta
Gløym oppstilte portrett med like klede og påklistra smil. Med dokumentarisk familiefotografering får du noko heilt anna, bilete som faktisk betyr noko.
Eg fangar dykk akkurat slik de er: midt i leik, latter, kvardagskaos eller ferie-ro. Dei ekte kjenslene, dei små detaljane og det heilt spesielle som gjer dykk til dykk. Tru meg! Det er då bileta blir kulare, varmare og meir ekte enn du nokon gong hadde sett for deg.
Dette er bilete du vil smile av. Le av. Kanskje til og med felle ei tåre for. Og det beste av alt? Dei vil bety meir og meir for kvar dag som går.

Ekte og unike familiebileta
velg di dokumentariske familiefotografering
Ei Oppleving for livet
For deg som kjenner kor raskt tida går, og som vil sjå utviklinga og personlegheit som veks fram gjennom eit heilt år. Eg kjem heim til dykk fire gongar i løpet av året og dokumenterer livet akkurat slik det er, med varme, nærleik og små detaljar som elles lett går tapt.
De får:
Pris 30 000
Ein dag i livet
For deg som vil ta vare på heile historia, frå morgonkaffi til kveldskos. Eg følgjer dykk gjennom små og store augeblikk, slik at de får ei ekte og levande forteljing om ein heilt vanleg dag som i framtida vil bety alt. De kan òg dele opp fotograferinga over to dagar for å få med både kvelden før og morgonen etter.
Passar for deg som vil dokumentere det levde livet, her og no.
De får:
Pris 11 000
Ei samling små augneblink
For deg som ønskjer ei meir kompakt, men likevel ekte dokumentarisk fotografering. Heimefotografering eller ein stad som betyr noko for dykk. Vi let augneblinka utspele seg i ro og fred, utan posaring, utan stress, og nyt kvardagsmagien saman.
Passar for kvardagsglimt, små familieeventyr, ei stund med nærleik.
De får:
Pris 5000
Mindre fotograferingar
Om de ønskjer ei mindre fotografering på opp til 1 time lokalt som t.d. konfirmant og 1-årsfoto, hjelper eg veldig gjerne med det også. Ta kontakt for meir informasjon, så kan vi skape litt magi saman.

Ei investering som varer i generasjonar:
Bileta dykkar fortener å bli sett!
Finn den beste produktpakken for dykk.
Eit album er ikkje berre ei samling sider, det er ei gåve til framtida! Med album får de tatt vare på mest av minne frå dagen, difor inneheld alle pakkane eit vakkert album skreddarsydd til dykkar historie.
Etter fotograferinga vil eg invitere dykk til ein visningstime i studio eller på nett så vi saman kan finne dei rette produkta for dykk historie
I ei verd der bilete ofte blir liggande i skyen og forsvinn mellom andre filer, trur eg på noko meir varig. Noko du kan bla i. Halde i hendene. Sjå på. Eg ønskjer at de skal sitte igjen med bilete laga av kvalitet og kjærleik, både til vegg og i album. Bilete som vil vare i generasjonar. Med pakkeløysingane under vil de kunne bevare desse minna, og få litt ekstra på kjøpet.
Hvis du ikke vil velge en pakke
prisoversikt
Album

Album er den beste måten å vise fram dykkar historie, ikkje berre no, men i lang tid framover. Eg gjer jobben med å skreddersyr innhald i albumet slik at de berre kan nyte det.
velg mellom
Lågaste antal sider i album er 20 sider, under finn de startprisen på forskjellige album.
Album 30×30 cm
Frå 16 500,-
Album 25×25 cm
Frå 14 500,-
Album 20×20 cm
Frå 13 900,-
Legg til ekstra doble sider
300,-

Om du heller ønskjer eit bilete på veggen som alltid vil minne deg på kor herlige de er, så hjelper eg dykk med å finne rett type og størrelse for at bilete skal komme til sitt rette på veggen.
velg mellom
Laminert bilete i ramme
Bilete på vegg så fint. Laminert bilete bil seie at det har eit beskyttande belegg over fotografiet, som beskyttar bilete og som gjer at ein ikkje treng glas over. Ramme er inkludert i prisen, og det er mange forskjellige utrykk og fargar å velge mellom.
Frå 8000,-
Touch bilete
Stilreint bilete montert på plate. Dette produktet treng ingen ramme og kan være fint enkeltvis eller med fleire bilete som skal henge saman.
Frå 7300,-
Biletboks
Biletboksen er som eit fotoalbum i ein boks, der de kan ta ut enkelt bileter som de kan ha ståande framme, den kjem også med eit lite staffeli som passar til bilete. Frå 8100,-
Filer

Er du av dei som likar å putle med albumdesign eller å lage gåver sjølve, er det også mogleg å kjøpe ut filer. Desse filene er ferdig redigerte filer som de kan printe ut sjølve, eller bruke digitale til privat bruk.
Velg mellom
Alle digitale filer
30 000,-
Filpakke 50 filer
20 000,-
Filpakke 20 filer:
12 000,-
Filpakke 10 filer:
9 000,-
Dokumentarisk familiefotograf
Lev det. Elsk det. La meg dokumentere det.
Tru meg, når eg seier de får dei kulaste familiebileta de kunne tenkje dykk, for når bileta blir naturlege og ekte vil de sjå dei på ein heilt anna måte. De er unike, minna dykkar er dyrbare og bileta vil bli så mykje kulare.
ein dag. Ei historie. Eit minne for livet!
så enkelt er det
fyrste steg

Ta kontakt
Ta kontakt, deretter set vi opp eit nettmøte, der eg fortel litt om korleis fotograferinga er og de kan spørre om ting de lurer på. Ei dokumentarisk fotografering skal være stressfri, og eg vil guide dykk slik at den blir nettopp det. Om dette høyres ut som dykk, skriv vi kontrakt og finn dato for fotograferinga
andre steg

Lat oss lage minner
Eg kjem til dykk der de måtte ønskje og fotograferer den herlege gjengen. Lat oss fange kvardagsmagi på sitt beste, med latter, tårer, tull og tøys.
tredje steg

Sjå resultatet
Eg lagar til forslag til album og hjelper med eventuelle andre produkt de måtte ønskje.
fjerde steg

Nyt det
Set dykk ned og nyt alle dei finne minna som ligg i bileta dykkar, vis det stolt fram til familie og venner og vit at de sit med ein skatt i hendene.
Bevar minna dykkar – autentiske bilete for ekte relasjonar
Dei små augneblikka som betyr mest, fortener å bli foreviga på ein ekte og naturleg måte.


Jannike- Ein Dag i Livet
«ein dag i livet» var ei givande og kjekk dag i lag med Gøril, utrulig dyktig og flink dame som tilpassa seg både ungar og vaksne. Ungane synst da va stas å bli tatt bilde av når dei etter kvart vart meir trygge. Me hadde ein flott dag, og bilda vart kjekke og utrulig fine
spørsmål og svar
lurer de på noko?

Har du andre spørsmål? Ta kontakt her.
tips til den beste opplevinga
…og for å få dei beste minna.

Dokumentarisk familiefotografering på Vestlandet
lat oss fortelje dykkar historie
Klar for å forevige historia om dykkar dag?
Gjennom dokumentarisk fotografering på Vestlandet hjelper eg dykk med å bevare historia og relasjonane som betyr mest. La meg guide dykk gjennom ein prosess der de kan vere dykk sjølve, og bileta kan fortelje alt det ord ikkje kan.