dokumentarisk fotograf i vestland

for dei som ønskjer levande og ekte bilete.

Kjenner du på at tida går så fort?

…at du har mange bilete av dei du er glad i, men nesten ingen av deg sjølv saman med dei?

Eller at du kunne tenkje deg å gå til fotograf, men kjenner deg ikkje igjen i stive, oppstilte bilete, orkar ikkje stresset med å finne fine, matchande klede, eller ungar som ikkje høyrer etter?

madelen
4
maria & gjermund

dykkar historie

Sjå føre deg eit bilete som ikkje berre frys eit augeblink i tid, men som òg fortel ei historie. Di historie.

Med dokumentarisk familie- og bryllaupsfotografering foreviger vi det ekte og naturlege, dei små magiske augneblinka som fortel kven de er, ikkje berre korleis de ser ut. For det er der historia og minna ligg.

dokumentarisk fotograf i vestland

Mitt namn er Gøril.

Utanom å vere dokumentarisk fotograf i Vestland er eg også kone og mor til to flotte ungdomar, dei er den største delen av livet mitt som formar både kven eg er og korleis eg møter menneska eg fotograferer.

Som dokumentarisk familie- og bryllupsfotograf er eg opptatt av å forevige relasjonen mellom dykk, fange kjærleiken og alle dei vakre små augneblinkka som oppstår når ein deler tid og minner saman. 

Ei dokumentarisk fotografering er så stress-fri ein kan få det. For det handlar ikkje om klede, det handlar om å bevare minner om slik de er, og tru meg, de er perfekte nett slik de er. Så ingen behov for nye klede, born som høyer etter eller studio, for det handlar om å skape minner.

fotograf bergen familie bryllup dokumentarisk

ta vare på det som er viktigast

med dokumentarisk fotografering i vestland

historie

sofie & johannes

ei heil historie i bilete

De får ei samling bilete som viser relasjonane og stemninga. Frå dei små detaljane til dei store kjenslene.

tryggleik

dokumentarisk familiefotograf sogndal

Ei avslappa oppleving:

Med god tid og eit uformelt opplegg kan de fokusere på kvarandre, ikkje på kameraet.

minne

merethe & odd rune

Minne som varer:

Eit fysisk album som kan delast med familie og bevarast for generasjonar.

5
synne & jarle

Synne & Jarle, bryllup i Luster

“Alle ville vite kven fotografen vår var, når dei fekk sjå bileta. Vi anbefalar Gøril til alle vi kjenner som skal gifte seg.”

opplevinga

EIN HYLLEST TIL
KVARDAGSMAGI &
SJÅLNE AUGNEBLINK

Ingen kleine poseringar, ei dokumentarisk fotografering gjev deg sjansen til å henge med dei du er glad i og berre være deg sjølve.

Det er morosamt, avslappa og naturleg, for det eg ønskjer å gjere for deg er å fange dei fine, naturlege augneblinka mellom deg og dei du er så glad i, relasjonane og dynamikken mellom dykk som gjer familien din eller bryllaupsdagen dykkar så unik. For det handlar ikkje om å være perfekt! Det handlar om livet ein lever og minna ein skapar.

merethe & odd rune

Ikkje la minna forsvinne med tida

Eg inviterer deg til å vere med på ei fotografisk reise der minnene vert bevart for alltid, skapt med varmen du kjenner og magien i dei små, men mektige augneblinka. La oss saman skape bileter som ikkje berre hengt på veggane, men lev i hjarta.
Velkommen til ei oppleving av ekte fotografi – for di unike historie.

Dokumentarisk fotograf

Relasjonar og kjensler i fokus

De ønskjer bilete som viser meir enn berre korleis ting ser ut, de vil hugse korleis det føltes. Det er desse bileta som betyr noko, ikkje berre for dykk, men også for dei som kjem etter.

Di historie; Emosjonell, ekte og autentisk

Ekte augneblink som fortel dykkar historie

3
cathrine & ole martin

Cathrine & Ole Martin, bryllup i Bergen


“Vi kunne ikke vært mer fornøyd i vårt valg av fotograf, Gøril er 10/10!”

dykkas tur

Eit minne som varer og som vil gje dykk så mykje glede i alle år framover.

mari & kristine

Dokumentarisk fotografering på Vestlandet

lat oss fortelje dykkar historie

Klar for å ta vare på minna dykkar?

Gjennom dokumentarisk fotografering på Vestlandet hjelper eg dykk med å bevare historia og relasjonane som betyr mest. La meg guide dykk gjennom ein prosess der de kan vere dykk sjølve, og bileta kan fortelje alt det ord ikkje kan.