Eventyrbryllaup i Gloppen

Fotograf i Vestland som bevarer minner og nydelege portrett på vestlandet.

Bryllaupsfotograf i Nordfjord

Nasjonalromantikk mellom fjella.

Mellom fjordar og fjell fann Katrin og Magnus den perfekte ramma for bryllaupet sitt. Frå Gloppen Hotell til Våtedalen og Bdhuset på Breim blei dagen fylt av nasjonalromantikk, kjensler og natur. Eit ekte eventyrbryllaup på Vestlandet, og ein draum for ein dokumentarisk fotograf å fange.

Når naturen sjølv blir kulisse

Er de på jakt etter ekte nasjonalromantikk – ei ramme rundt bryllaupsdagen som gjer historia endå vakrare? Då er Gloppen eit perfekt val. Mellom fjordar og fjell finn de ein stad som leverer alt frå intime augeblikk til storslått natur – og som gjer eit bryllaup til noko heilt unikt.

Kjærleik frå aust og vest

Magnus frå Oslo og Katrin frå Bergen fann kvarandre – og valde å feire kjærleiken midt i Vestlandsnaturen. Dagen starta på ærverdige Gloppen Hotell på Sandane, der romma med stil og sjarm sette tonen for ei romantisk helg. Når gjestane kom saman her, vart det skapt ei stemning som la grunnlaget for resten av dagen.
Vigsla fann stad på Karnilstunet, under eit stort tre med utsikt over fjorden. Ein enklare, men meir eventyrleg kulisse er det vanskeleg å tenkje seg. Med sol over hovuda og naturen tett rundt seg, fekk paret seie ja til kvarandre omgitt av familie, vener – og den vakre vestlandsnaturen.

Ei reise gjennom naturen

Etter seremonien bar det vidare til Våtedalen, ein av dei vakraste dalane langs vestlandskysten. Med smaragdgrønt elvevatn, bratte fjellsider og beitande kyr og geiter blir landskapet som eit levande måleri. På sommaren kan ein nesten tru ein står midt i eit verk av Tidemand og Gude – ein draum for både brudepar og fotograf. Her fekk Magnus og Katrin bilete fulle av både dramatikk og romantikk, eit perfekt uttrykk for dokumentarisk bryllaupsfotografering.

Fest i historiske rammer

Kvelden blei avrunda på Bdhuset på Breim, eit gammalt bedehus som har fått nytt liv som festlokale. Med tømmerveggar, romsleg takhøgd og lun atmosfære vart dette den ideelle ramma for ein intim og koseleg fest. Her fekk både gjestar og brudepar senke skuldrane og berre nyte dagen som hadde vore.

Gloppen: ein skjult bryllaupsskatt

For dei som drøymer om eit eventyrbryllaup i vakker vestlandsnatur, er Gloppen verkeleg ein skjult skatt. Her finn du alt frå tradisjonsrike hotell til dramatiske landskap og stemningsfulle festlokale. Som dokumentarisk bryllaupsfotograf på Vestlandet var det ein draum å få fange kjenslene, minna og historia midt i denne nasjonalromantiske ramma.

Fotograf i Vestland som bevarer minner og nydelege portrett på vestlandet.

finn ut meir: dokumentarisk Bryllaupsfotograf i vestland

Leitar de etter ein bryllaupsfotograf i Gloppen, Bergen eller på Vestlandet?
Eg tilbyr dokumentarisk bryllaupsfotografering som fangar både dei store og små augneblikka, uansett kor de vel å feire.

book fotograf til ditt bryllaup i dag: Kontakt

5
fotograf bergen familie bryllup dokumentarisk

Her deler eg små glimt frå kvardagen som fotograf, råd til deg som vurderer å booke, og eksempel på korleis ei fotografering faktisk kan vere – både med familiar og brudepar.

Eg jobbar for deg som ønskjer ekte bilete av det som faktisk skjer, der kjenslene får spele hovudrolla. Eg dokumenterer små og store augeblikk – det nære, det levde, det vakre uperfekte.

Her finn du inspirasjon, tryggleik og innblikk i korleis eg fangar historia di, slik ho er: utan manus, men full av kjensler.

3
synne & jarle

Synne & Jarle, bryllup i Luster

“Alle ville vite kven fotografen vår var, når dei fekk sjå bileta. Vi anbefalar Gøril til alle vi kjenner som skal gifte seg.”