top of page
Logo Fotograf Goeril Saetre

Dokumentarisk Familiefotograf

Føler du at du tek fullt av bilete av gjengen din, men at det alltid er nokon som mangler... nemleg deg? 

Tek du tusenvis av bilete til sosiale medier for å dokumentere augneblink... for så å aldri sjå det bilete igjen, fordi det ligger gøymt saman med alt annet i ein sky?

 

familie-nyfødt-øyeblikk.jpg
jente-bestefar-familie

Eg kan hjelpe deg!

Nyt nuet og augneblinka saman med dei du er glad i, utan å måtte tenkje på at dette skulle du ha dokumentert for framtida. For desse bileta er ikkje berre for deg, dei er for ungane dine, barnebarn og kanskje til og med oldebarn. Desse bileta blir til, slik at dei kan fortelje ei historie for generasjonar som kjem, og eg er her for å dokumentere, så du slepp det og kan nyte tida.

Ha kvalitetstid med dine fine, eg ordner resten!

En Dag i Livet Fotografering

1.  Ta kontakt

2. Vi prater litt, blir litt kjent  og finn ein dato som       kan passe.

3. Nyt dagen med gjengen! La det bli kaos, latter og til om med tårer om det trengst, eg skal passe på at de kan sjå tilbake på det heile med eit einaste stort smil.

Korleis fungerer det?

EkteLykke-familiebilde-øyeblikk

Ein Dag i Livet

En dag i livet fotograferinga er ein fantastisk måte å få dokumentert familielykke på ein heilt ekte og naturlig måte. Familiekaos, Rocke-Elvis-Såpe-Sveis i badekaret, besteforeldre på stranden med små barnebarn eller kanskje det er ferieturen i havgapet med storfamilien ... Uansett er det ei gylden moglegheit til å få dokumentert dei ekte augneblinka og dei gode minna, slik at de kan nyte dei om og om igjen.

Full dag 7000,-

pappa-nyfødd-fotografering Dokumentarisk

Ein Dag i Livet

- Mini -

Er livet dykkar berika med ein liten hjarteknusar? Har du klart å få samla heile gjengen og vil ha bevis på det? Synest du det er kleint med oppstilte bilete og kunne tenkje deg noko anna? Her er løysinga! Denne fotograferinga varer opp til 3 timar, den er intim, og personleg, ekte og ærleg. Den dokumenterer nuet, så du kan nyte det i framtida.

3000,-

konfirmant-natur-vestland

Med ein i fokus

Ønskjer du deg avslappa og nydlege bilete av deg sjølv, ein konfirmant eller eit barn, så fortel eg gjerne den historia også, like naturleg og ekte som alle dei andre fotograferingene, men med berre den eine nydelige personen.

1800,-

Therese, mor til konfirmant

Me var til Gøril med konfirmanten vår. Gøril fann fort kjemien med ungdomen, og fekk han både komfortabel og avslappa foran kamera. Ei bragd! Me er super-fornøgde med bildene! Ei god blanding av klassiske bilder, og litt "kulere" avslappa bilder. Utruleg mange flotte "locations" for utebilder, rett i nærleiken. Utfordringa blei å velge vekk bilder... Gøril har vore positiv, energisk og hjelpsom gjennom heile prosessen. Anbefaler Gøril på det varmeste!

tøff-konfirmant-prtrett

Kva skjer etter fotograferinga?

Med ei god dose nysgjerrigheit lurer du nok på korleis resultatet vart,

og truleg vil du bli overraska over augneblinka som er fanga.

Men vi er ikke ferdige endå! for bileta kjem til liv først når de får sjå dei, og aller best er å kunne nyte dei i fysisk form som bilete til vegg eller i eit nydeleg album.

HER

kan de lese meit om nokre av produkta eg har, så når de er klar så set vi oss ned i lag på ein visningstime og finn det som passar dykk aller best.

bottom of page