Klar for å skape noko ekte saman?

ta kontakt

Eg er så glad for at du har funne vegen hit, det betyr kanskje at du, som meg, kjenner kor dyrebare augneblikk i livet er.

Kanskje du vil dokumentere ein heilt vanleg dag heime med familien. Kanskje du skal gifte deg, og vil ha bilete som fangar kjenslene, stemninga og det levde livet, ikkje berre det oppstilte.

Uansett grunn, så håpar eg at du finn ut om eg er den rette fotografen for deg.

For å gi deg den beste opplevinga, kan du lese meir om dei ulike fotograferingene eg tilbyr her:

Er du klar til å starte?

Då vil eg gjerne høyre frå deg!


Fyll ut skjemaet med litt om deg og kva du ser for deg. Jo meir du deler, jo betre kan eg svare deg med relevant info, og glede meg saman med deg!

Er du berre ute etter eit raskt spørsmål?

Sjekk gjerne først vanlege spørsmål på infosidene mine, mykje er kanskje allereie svart der.
Er du usikker på noko anna? Då kan du gjerne sende ei kort melding via skjemaet. Eg svarar så snart eg kan!

Kvifor dokumentarisk foto

Eg spesialiserer meg på dokumentarisk fotografering. Det betyr at eg ikkje tilbyr studiofotografering, klassiske portrett eller oppstilte økter.
Her får de naturlig og avslappa fotografering som bevara minna for deg og dine.

5
Nydeleg brudepar, avslappa fotografering før sola går ned.

Ingrid & Robin, bryllaup i Olden

“Ho fekk oss til å slappe av og nyte augeblikka mellom oss som brudepar slik at bileta blei 100% naturlege og ekte.”