
Personvernerklæring for Fotograf Gøril Sætre

Innleiing
Denne personvernerklæringa forklarer korleis Fotograf Gøril Sætre samlar inn, behandlar og lagrar personopplysningane dine gjennom bruk av nettsida www.goerilsaetre.no. Eg tek personvernet ditt på alvor og sørger for at informasjonen din blir behandla trygt, og aldri delt, selt eller bytt bort. Les gjerne gjennom denne erklæringa for å forstå korleis eg tek vare på og brukar opplysningane dine, i tråd med personopplysningslova og GDPR (2018).
Korleis opplysningane dine blir samla inn og lagra
Når du tek kontakt via www.goerilsaetre.no, blir du bedt om å leggje inn namn og kontaktinformasjon som e-postadresse og eventuelt telefonnummer. Desse opplysningane blir berre samla inn dersom du frivillig vel å oppgi dei. Eg kan òg samle inn informasjon om korleis du brukar nettsida, samt e-postar, brev eller meldingar du sender meg.
Ved booking av tenester frå Fotograf Gøril Sætre, samlar eg òg inn adresse (heime- og eventuelt bedriftsadresse) og telefonnummer, slik at eg kan levere dei avtalte tenestene. Informasjonen blir lagt inn i CRM programmet StudioNinja som er GDPR godkjent.
Dei ferdige bileta dine blir lagra på ei plattform som heiter Pic-Time, eit nettbasert galleri. For å sjå bileta dine må du logge inn med e-postadresse, og denne informasjonen blir òg lagra av Pic-Time. Pic-Time følgjer GDPR-reglane og deler ikkje opplysningane dine med andre enn Fotograf Gøril Sætre.
Korleis eg vernar om opplysningane dine
Alle opplysningar du gir ved førespurnad eller booking, blir lagra i passordbeskytta e-postkonto og digitale mapper. Dei ferdige bileta blir lagra i eit passordbeskytta nettgalleri, og det blir tatt sikkerheitskopi på ein passordbeskytta ekstern harddisk. Eg tek vare på informasjonen din i ein rimeleg periode, eller så lenge lova krev det.
Korleis opplysningane dine blir brukt
Eg brukar kontaktopplysningane dine for å kommunisere med deg om det du har booka, sende faktura og levere fotografiplan og ferdige bilete. Med ditt samtykke kan eg også bruke informasjonen din til å spørje om tilbakemeldingar eller informere om relevante tenester og tilbod via e-post.
Eg kan nytte dei ferdige bileta dine i marknadsføring – til dømes på (1) sosiale medium, (2) nettsida www.goerilsaetre.no, (3) trykt reklame, og (4) i konkurransar, om de har signert eige skjema for samtykke av dette, dette samtykket kan trekkast når de måtte ønskje.
Rett til innsyn, endring og sletting
Det er viktig for meg at opplysningane eg har om deg er korrekte og oppdaterte. Dersom du meiner noko er feil eller manglar, ta kontakt med meg så snart som råd på e-post: info@goerilsaetre.no. Du kan til ei kvar tid be om at alle dine personopplysningar blir sletta.
Cookies (informasjonskapslar)
Denne nettsida brukar informasjonskapslar (cookies) for å følgje med på brukarmønster. Desse små filene kan lagrast på datamaskina di, men du kan stille nettlesaren din til å nekte alle eller nokre kapslar, eller få varsel når dei blir brukt. Merk at nokre funksjonar på nettsida kan bli påverka dersom du blokkerer informasjonskapslar.
GDPR-samsvar
Eg sørger for at verksemda mi følgjer GDPR, og brukar berre tenester som også er GDPR-kompatible, som nettgalleri og rekneskapsprogram.
Kontakt
Har du spørsmål, kommentarar eller ønsker knytt til korleis informasjonen eller bileta dine blir brukt, kan du ta kontakt via kontaktskjemaet på nettsida eller sende ein e-post til: info@goerilsaetre.no
Du bør merke deg at det er ditt ansvar å halde deg oppdatert på eventuelle endringar i denne personvernerklæringa.

