top of page
Logo2021Orange.png

Ein Dag i Livet.

Ei familiefotografering utanom det vanlege,

og minner om små barnesteg ,latter, snørr og tårer.



I 2017 starta eg med eit konsept som kanskje er meir kjent i Statane og nede i Europa, eit konsept som vert kalla Ein Dag i Livet. Dette er ei rå og ekte fotografering, som fangar dei ekte augneblinka i kvardagen. Gløym strokne skjorter og matchande klede! Stive smil og stressa foreldre! Her er det dei gode stundene saman som er i fokus. Dei som vi eigentleg opplever kvar dag, men som ein ikkje tenkjer på.


Så tenkjer du kanskje: ja, men eg har jo tusenvis av desse bileta liggande på telefonen alt! Og ja, det har du sikkert, men kva gjer du med desse bileta? Og kvar finn du deg sjølv i desse i dei?

Med Ein Dag i Livet fotografering får du desse rå og ekte augneblinka dokumentert, der alle er med og fortel historia... og det beste av alt! Eg lagar til og med nydelege album klar til dykk så du slepp å tenkje på det også. Det einaste de treng å gjere er å nyte dagen og bileta saman.





Ta kontakt om du vil vite meir om

Ein Dag i Livet

fotograferinga.



Siste innlegg

Se alle
bottom of page