Logo2021Orange.png

Eventyrbryllaup i Gloppen

Nasjonalromantikk mellom fjella.



Er de av dei som likar ekte nasjonalromantikk, og ser etter den perfekte staden å feire kjærleiken?


Gloppen kan verkeleg levere alt dette på høgt nivå. Magnus frå Oslo i aust og Katrin frå Bergen i vest feira den store dagen sin i vakre Gloppe, og for ein eventyrleg nydeleg dag det vart!

For Gloppen kan levere heile pakken.

Dagen deira starta på ærverdige Gloppen hotell på Sandane. Flotte rom med klasse og stil, sette ei flott ramme rundt førebuingane til Katrin og Magnus, og det vart ikkje mindre romantisk når sjølve vigsla fann stad på Karnilstunet like utanfor sentrum. På bakketoppen under eit stort tre, med utsikt utover fjorden kunne dei gje kvarandre sitt ja, medan sola skein over feststemte bryllaupsgjestar.

Deretter gjekk turen vidare til Våtedalen, ein av dei finaste dalane ein køyrer gjennom om ein beveger seg langs vestlandskysten. Ikkje berre består dette pittoresk området av flotte, bratte fjellsider og smaragdgrønt elvevatn, men er ein der på sommarstid, er sjansane store for at du beveger deg i eit landskap nærmast teke ut frå eit Tidemand og Gude måleri. Med frodige fargar og kyr og geiter i bakgrunnen.


Dagen til desse to nydlege turtelduene enda tilslutt på Bdhuset, eit nydeleg festlokalet på Breim, eit stykke sør for Sandane. Eit gammalt bedehus som har fått ein ny funksjon som festlokale, med nydelege tømmerveggar og høgt under taket er dette eit nydele lokalet for ein intim og koseleg fest.


Om de ser etter fotograf til dykkar bryllaup, må de gjerne ta kontakt her.






64 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle