Låvebryllaup- intimt, personleg og super romantisk


Planlegge bryllaup kan være både vanskeleg og tidkrevjande. Det er mange ting ein skal tenkje på og finne ut av, så mange ting ein skal være einige om og tenkje på. Etter at pandemien slo over oss er det mange som har måtte starte heilt på nytt med tanke på planlegging og organisering av den store dagen, det er kanskje ikkje lenger det store bryllaupet som står i fokus, men kjærleiken til kvarandre, det intime og personlege, men likevel romantikken, gleda og samværet.

Nå er kanskje den perfekte tida til å snu det heile om til nettopp dette!


Låvebryllaup kan ofte gje nettopp den intime og romantiske ramma ein kanskje eigentleg ønskjer! Om ein har måtte skalere ned på antal gjester, kan eit stort lokale kanskje kjenst både upersonleg og kaldt, men med eit mindre lokale fylt med mykje varmt lys, kombinert med ei god dose rustikk vil gje ei nydeleg ramme rundt dagen.





Sommaren 2020 var eg så heldige å få fotografere eit heilt nydeleg nasjonalromantisk bryllaup i Sandane. Ei finare ramme for å feire kjærleiken er ikkje lett å finne; nydeleg norsk natur, friske jordbær i champagnen, lyse summarnatta, kjærleik, latter og ikkje minst romantikk.

Sjølve festen var på nydelege Karnilstunet. Eit gardtun med både historikk og sjarm like utanfor Sandane sentrum. Med lys lenkjer og sumarblomar skal det ikkje mykje til for å kjenne på den varme gode romantikken i lufta!



I tillegg reiste innom museet i Sandane og fotograferte litt der, eit område som stod i stil med resten av bryllaupet. Lenge leve kjærleiken!


Kva ser de etter nå når de planlegger dykkar bryllaup? Mitt tips vil være; lag dagen til dykkar heilt spesielle dag- den treng ikkje være lik nokon andre sin dag! Våg å være annleis, våg å tenk utanfor boksen, våg å vere dykk sjølve.

Lokasjonen for seremonien og festen set følelsen for dagen, la den reflektere dykkar personlegheit.


Gøril Sætre  /  info@goerilsaetre.no   /  Sognefjordvegen 580, 5961 Brekke   /  905 44 316

@2021 by Gøril Sætre. All rights reserved.