Topp ti Tips

Kva ein kan gjere under ei Ein- Dag- i- Livet Fotografering


Trur du at Ein Dag i Livet fotograferinga blir lang og lurer på kva i alle dagar de skal finne på denne dagen?


Her kjem 10 morosame ting ein kan gjere under ei slik fotografering for å få nydelege naturelege bilete.


1) Grilling i fjøra eller på fjellet

Ein tur ned til sjøen eller opp på fjellet er kjekt for både store og små, og toppe det med bål og kanskje til og med pinnebrød gjer det jo endå betre! Utan mat og drikke duger helten ikkje!

2) Oppdagingstur i skogen Ungar har ei heilt fantastisk Eventyrlyst, og kanskje vi vaksne skulle funne fram vår eventyrlyst også. Ta med gjengen inn i skogen så kan vi drøyme oss inn i vårt eige eventyr med tusser og troll om vi vil, eller kanskje vi jaktar på sjørøvarar og einhjørningar!

3) Tur til stranda Vasse, bade, sandslott, krabbejakt, latter, hyl og iskrem! Kven likar vel ikkje ein tur til stranda ein fin sommarsdag!

4) Eggeløp/ potetløp/ sekkeløp Fine leikar som lokkar fram konkurranseinstinktet på både store og små. Her er det stor fare for både latter og tårer, jubel og gråt.... og garantert mange gøy bilete med ekte augneblink.

5) Leike gøym og leite Trur ikkje eg har møtt ein einaste unge som ikkje likar gøym og leite! Eg blir gjerne med på leiken!

6) Bygge hytte inne med masse tepper Barndomsminne-Alarm! Bygge hytte/ slott/borg inne med stolar, tepper og puter.... det minner i alle fall meg om barndommen. Alle kan være med og kanskje ein kan feire byggverket med kosestund og kjeks i hytta etterpå... og viss det er fint ute, kan ein jo bygge hytte ute, her står det berre på fantasien.

7) Bakestund på kjøkkenet Små barnehender, mjøl over alt, latter, og smaking av deig. La ungane få være med å bake kaker eller kjeks. Ei naturleg og fin stund for alle... og viss det er nokre besteforeldre som vil være med så er jo det kjempe fint. Kanskje dei kan bli invitert til te-selskap også?

8) Middag stund

La ungane få være med å lage middag, kanskje dei kan dele opp noko eller røre i gryta? Maten smakar jo endå betre når den er laga med kjærleik!

9) Lesestund Etter ein aktiv dag, kan det være fint å roe ned. Ei lese stund i mor eller fars armkrok er både godt og trykt.

10) Kveldsbad i badekar med masse bobler

Å, dette er så gøy! Vatten og bobler... kva kan gå feil? Badeleiker? Dykkarbriller? Elvis-sveis....?

La det være naturleg, avslappa og ekte, de kjem til å elske det!

13 visninger0 kommentarer
Gøril Sætre  /  info@goerilsaetre.no   /  Sognefjordvegen 580, 5961 Brekke   /  905 44 316

@2021 by Gøril Sætre. All rights reserved.