Skap eit bryllaup som snakkar dykkar språk.

Bryllupsbilder fra folkemuseumet i Gloppen

KVA TYPE BRYLLAUP ER RETT FOR DYKK?

Låvebryllaup. intimt, personleg og super romantisk.


Drøymer du om eit intimt og romantisk bryllaup? Låvebryllaup gir ei varm og personleg ramme med lyslenkjer, rustikk sjarm og naturen tett på. Her deler eg inspirasjon frå eit nasjonalromantisk bryllaup på Sandane, fotografert på vakre Karnilstunet.

Å planleggje bryllaup kan vere både vanskeleg og tidkrevjande. Det er mykje å tenkje på og mange val å ta. Etter pandemien har mange brudepar valt å gå vekk frå dei store, tradisjonelle bryllaupa, og heller fokusere på det nære, intime og personlege. Kjærleiken, fellesskapet og stemninga står i sentrum.
Eit låvebryllaup kan gi nettopp den ramma. Med færre gjester og eit mindre lokale får de ei stemning som kjennest varm og ekte. Med fine lyslenker, rustikke detaljar og naturen tett på blir dagen både romantisk og unik! Ein dag som speglar dykkar personlegheit og kjærleikshistorie.

Les også: Planlegge bryllup i utlandet

Låvebryllaup med nasjonalromantisk ramme.

Eg fekk æra av å fotografere eit vakkert låvebryllaup på Sandane i Gloppen. Ramma var nasjonalromantisk og stemningsfull: norsk natur på sitt vakraste, friske jordbær i champagnen, den lyse sommarkvelden, og kjærleik og latter som fylte lufta.

Førebuingane og festen fann stad på Karnilstunet, eit gardstun med både historie og sjarm, berre eit steinkast frå sentrum. Med sumarblomar, tente lys og flotte omgivnadar rundt oss, var atmosfæren både lun og romantisk. Vi tok også turen innom museet på Sandane saman med brudeparet, noko som gav ein ekstra dimensjon til bileta, ei blanding av det historiske og det moderne.

FINN UT MEIR: dokumentarisk Bryllaupsfotograf i vestland

Låvebryllaup som speglar dykk

Det finaste med eit låvebryllaup er at det ikkje treng å følgje nokon mal. De kan gjere dagen til dykkar heilt eigen. Kanskje med lokale råvarer på menyen, heimelaga dekor eller favorittmusikken som set stemninga. Det viktige er at bryllaupet reflekterer kven de er, ikkje kva som er forventa frå andre.

brudebilete I vestlandslandskap, skart/kvit

Så kva ser de etter når de planleggjer bryllaupet dykkar? Mitt beste tips er:
Vågar å vere dykk sjølve. Lokasjonen, detaljane og stemninga bør spegle personlegheita dykkar, for det er då dagen blir heilt uforgløymeleg.

Ta kontakt for å booke dykkar bryllupsfotografering

5
fotograf bergen familie bryllup dokumentarisk

Her deler eg små glimt frå kvardagen som fotograf, råd til deg som vurderer å booke, og eksempel på korleis ei fotografering faktisk kan vere – både med familiar og brudepar.

Eg jobbar for deg som ønskjer ekte bilete av det som faktisk skjer, der kjenslene får spele hovudrolla. Eg dokumenterer små og store augeblikk – det nære, det levde, det vakre uperfekte.

Her finn du inspirasjon, tryggleik og innblikk i korleis eg fangar historia di, slik ho er: utan manus, men full av kjensler.

3
synne & jarle

Synne & Jarle, bryllup i Luster

“Alle ville vite kven fotografen vår var, når dei fekk sjå bileta. Vi anbefalar Gøril til alle vi kjenner som skal gifte seg.”