Planlegge bryllaup i utlandet

feir bryllaup og kjærleik mellom oliventre. fotograf til destinasjonsbryllaup

Destinasjons bryllaup

5 tips til deg som drøymer om bryllaup i utlandet

Drøymer du om bryllaup i utlandet? Her deler eg fem tips frå eit norsk brudepar som gifta seg i Toscana, om alt frå planlegging og stemning til små detaljar som gjer dagen magisk. Perfekt inspirasjon for deg som ønskjer ei uforgløymleg bryllaupsfeiring i utlandet.

Dokumentarisk bryllupsfotograf.Destinasjonsbryllup

Ein draum av eit bryllaup i Toscana

Å planleggje bryllaup er stort i seg sjølv, men å planleggje bryllaup i utlandet kan kjennast endå meir overveldande. Det er mykje som skal organiserast, og mange val å ta. Samtidig kan resultatet bli heilt magisk, med minner som både de og gjestane vil ta med seg vidare.

Eg fekk vere med då Odd Rune og Merethe feira kjærleiken sin i vakre Toscana. Med oliventre, sol og vingardar som kulisse, blei bryllaupsdagen deira til ei heil helg fylt av nærleik, fest og gode augneblikk. Etterpå spurde eg Merethe om ho ville dele sine beste tips til andre par som drøymer om å gifte seg i utlandet.

Merethes tips til deg som planlegg bryllaup i utlandet

  • Finn ein god bryllaupsplanleggar.
    Bruk tid på research, det gjer alt mykje enklare og mindre stressande.
  • Velg seremonien seint på dagen.
    Då kan gjestane kose seg med pool party og sol på dagtid.
  • Lag eigen barnemeny.
    Når barna får middag tidlegare, kan dei vaksne nyte aperitiff og prosecco i fred.
  • Inviter til ei heil helg.
    Det gir gjestane tid til å bli kjent og skapar ei unik stemning.
  • Satse på lys framfor blomstrar.
    Italia er vakkert i seg sjølv, lyslenker og stemningslys forsterkar den magiske atmosfæren.

Les også: Kva om det regnar på bryllaupsdagen?

Les om dei forskjellige pakkane: dokumentarisk Bryllaupsfotograf i vestland

Skap opplevingar som varer


Saman med bryllaupsplanleggar Marianne Iversen frå My Taste of Tuscany Wedding, skapte Odd Rune og Merethe ei helg som blei ei uforgløymleg oppleving, ikkje berre for seg sjølve, men for alle gjestane.

Det er kanskje det som gjer bryllaup i utlandet så spesielt: det handlar ikkje berre om sjølve dagen, men om å samle familie og vener til eit eventyr. Ein stad langt heimanfrå blir sjølv små augneblink til store minner, og landskapet blir ein del av historia de tek med dykk vidare.

Leitar de etter ein dokumentarisk bryllaupsfotograf i Bergen eller på Vestlandet, som også reiser til utlandet?
Eg hjelper dykk å skape levande minner frå dagen, uansett kor i verda de vel å gifte dykk.

Ta kontakt for å booke fotograf til ditt destinasjonsbryllaup


5
fotograf bergen familie bryllup dokumentarisk

Her deler eg små glimt frå kvardagen som fotograf, råd til deg som vurderer å booke, og eksempel på korleis ei fotografering faktisk kan vere – både med familiar og brudepar.

Eg jobbar for deg som ønskjer ekte bilete av det som faktisk skjer, der kjenslene får spele hovudrolla. Eg dokumenterer små og store augeblikk – det nære, det levde, det vakre uperfekte.

Her finn du inspirasjon, tryggleik og innblikk i korleis eg fangar historia di, slik ho er: utan manus, men full av kjensler.

3
synne & jarle

Synne & Jarle, bryllup i Luster

“Alle ville vite kven fotografen vår var, når dei fekk sjå bileta. Vi anbefalar Gøril til alle vi kjenner som skal gifte seg.”