I desse tider har juryen i Landskonkurransen gjort ferdig sin jobb og gått gjennom store mengder bilete i heile 10 forskjellige kategoriar. Denne konkurransen er for profesjonelle fotografar i Noreg, og heng ganske høgt for mange fotografar her i landet.
Også i år har eg sendt inn bilete til konkurransen, men kjenner at eg er veldig spent på kva resultatet vil bli denne gongen. På mange måtar føler eg at eg har vore gjennom nokre år med litt identitetskrise når det kjem til min fotografiske stil, kanskje grunnen er at ein blir bombardert av så mange visuelle inntrykk heile dagen på alle desse sosiale plattformene. Men eg føler at eg no har landa på det som verkeleg er meg; nemleg det å bevare augneblinka og fortelje ei historie. Eg jobbar i ei sone mellom portrett og familiedokumentar, der fokuset er på dei meir ekte augneblinka framfor typiske oppstilte bilete. Eg håpar på å kunne ta bilete som vekker kjensler, minner og glede, bilete som kan nytast og gje ei meining i mange generasjonar. Så uansett kva resultatet blir denne gongen, er eg i alle fall berre klar for å utvikle denne stilen slik at alle de supre kundar får heilt fantastiske bilete som de vil nyte og sjå verdien i. Her er det berre å jobbe på!
Dette er 3 året eg er med, og tidlegare har eg levert ei blanding a reportasje, bryllaup og portrett, der eg har oppnådd fleire heiderlege omtalar, og i 2020 var eg så heldig å nå gull på poengsum, med bileta av far min og bror min like før pappa døydde. Dette skåra høgt på kriteriet -impact- eit bilete som for meg er både sterk og rått samtidig som det er så nært og varmt. Med dette bilete fekk eg også representere Noreg i kategorien Reportasje i World photographic Cup no i 2021.
Så det blir spennande å sjå om juryen ser det same som meg eller om vi har på heilt forskjellige syn, tida vil vise.