top of page
Logo

fotograf

Gøril Sætre

Litt av mi historie og kvifor eg så gjerne vil fortelje di

Fotograf Gøril Sætre

Denne nettsida er jo faktisk for deg, ikkje om meg ... men dersom du lurer litt på kven eg er, og kvifor nettopp du kan stole på at eg vil gjøre alt i mi makt for at de skal ha ein fantastisk oppleving med nydelege bilete å sjå tilbake på, ja då er det berre å fortsette nedover her.

Mi historie og mine verdiar

For meg har bilete i seg sjølv alltid vore både fasinerande og spennande. Som barn kunne eg sitte i timevis og sjå i gamle album, sjå bilete frå gamledager med personar eg knapt nok visst kven var. Eg kunne sitte der og dagdrøyme meg vekk i den verda som viste seg på bileta, og eg kunne sjå for meg korleis dei levde då. Etter som eg blei eldre var det mine eigne minner som var presentert i bileta. Bilete som gjorde at eg kunne kjenne igjen lukta av olje i farfar sin kjeller eller kakaoen til bestemor, minna frå ein fantastisk barndom og ei artig ungdomstid. Men no også minner om viktige personar som ikkje lenger er her med oss. Som 35 åring mista jeg ein av mine viktigaste støttespelarar, ein av dei som alltid hadde vore der for meg og heia på meg. Far min døydde av kreft, og eg satt der og skulle så inderleg hatt endå flere bilete å feste minna til. Dette blei for meg starten på fotograferingen ¨En dag i livet¨ fordi eg oppriktig meinar at bilete har ein langt sterkere verdi enn pengar nokon gong kan betale. Og mitt største ønskje er at nettopp du og dine får gleden av, og ser den verdien, før de føler at det er nokon som manglar.

familiebilder

Eg er ein kreativ fotograf som elskar å fange livets små og store augneblink. 

Augneblink som kan nytast i fleire generasjonar.

Eg held til Yst ved Sognefjorden, men eg elskar å reise, og bevegar meg gjerne både land og strand for å fange akkurat dine augneblink.

Elles er eg lykkeleg gift, og mor til to fantastiske jenter,  og saman liker vi å reise og å oppleve nye ting saman, små som store.

Med en internasjonal familie, drøymer eg alltid om nye spennande plassar. Kven veit kvar neste tur går når verda opnar opp igjen?

Meg&Mor-21.jpg
Dokumentarisk familiefotograf

Eg lover...

... at de vil ha det gøy!

... å fange dykkar augneblink med kjærleik og respekt og

....at de vil ha nydelege og artige bilete som kan nytast i lang framtid.

Eg lover at du ikkje kjem til å angre om de vel å

Bryllupsbilder vestland

Renate, brud

Det vi satt pris på var din tilstedeværelse og lysten på at vi skulle få dei bildene vi ville ha best mulig. 
Du er energisk og får folk med deg, og er positiv. 

For spesielt interesserte

Utdanning, utstillingar og prisar

Bachelor (Hans) Photography, England

Svennebrev i Fotograffaget, Noreg

Kings & Queens og Bygdepatrioter, 2017

Ekte Utkant, 2013

Huldreleik, 2011

Gløymde Skattar, 2010

Female Identity, 2008

Landskonkurransen 2020, Gull & Hederlig omtale

Laugskonkurransen 2020, Bronse & Hederlig omtale

Laugskonkurransen 2021, Hederlig Omtale

Representerte Norge i World Photographic Cup 2021.

Medlem av Norges Fotografforbund.

Publisert arbeid i New York Times,representert av Living Inside.

bottom of page