Yst i Sunnfjord finn du den fantastiske flotte kommunen Askvoll, med sine flotte fjell og nydelege svaberg... og desse to visste å sette pris på begge deler.


Det starta med sol og sommar i Askvoll, fuglekvitter og fine folk pynta til fest,

og brudgommen var ikkje verre enn at han fekk hyra inn Daniel Kvammen til å overraske bruda i kyrkja!


Turen gjekk videre til vakre Olset der vi tok portrett saman med born og forlovarar.

Men det var ikkje ferdig der! Desse to valgte å dele opp fotograferinga og fekk ein ny runde opp på fjellet. Heilt nydeleg var det å få sjå denne flotte naturen opp til Fossedalen i Askvoll.





Ein dag i livet- fotografering, er eit nytt konsept eg starta med i 2018, og har eit veldig naturleg uttrykk. For meg er bilete noko av det kjæraste ein har, alle minna og kjenslene ein får ved å sjå på eit bilete. Magisk!


Vi lever i ei tid der vi vert bombadert av visuelle inntrykk, og aldri før har vi teke så mange bilete... men kvar blir dei av? Kor mykje tid brukar vi på å ta inn over oss kva vi ser? Eg er kanskje gammaldags, men for meg er det å kunne bla i ein album og sjå tilbake på opplevingar, minner og fine stunder som eit eventyr. Eit eventyr eg håpar mange andre får sjå i lang framtid.


1
2